søndag 27. september 2020

Matkulturdag på Haualeite

I år var Rotset Barnehage på besøk på matkulturdagen på Haualeite. På grunn av korona var det ikkje åpent for besøkande som tidligare år, og vi hadde små grupper med barn. Fire stykker med en voksen for å begrense smittefaren. Det skapte en intim og koselig atmosfære, med levande lys rundt om i rommet. Vi hadde hund også i Joplassen, Vassbakkstova. Suzi, en kvalp på ni måneder som sjarmerte dei fleste ungane.


Sånn var det i huset vårt! Foto: M. Nesvold


Gruppa vår bestod av meg, Hilde og Sonja. Oppdraget var å lage flatbrød, pynte og ta imot barnehagebarn på formidling og smaksprøver. Vi valgte å lage og formidle om bjørnemosekost også, sidan vi var tre og Hilde er utdanna blomsterdekoratør.



Hilde, Sonja, Suzi og barnehageungane. Foto: G. Hånes


Neste ut var å lage en brosjyre, diverre blei dette avlyst pga. korona, så vi bytta det ut med plakater.


Foreløpig brosjyre. Foto: G. Hånes


Bjørnemosekost var eit redskap som blei brukt til flatbrødsteking, der dei børsta av mel av flatbrødet og takka. Disse kostane kalte dei «ryvippa» eller «ryvikkost». Ein dyppa kosten i eit kar med vatn, rista den litt og feide ganske lett over flatbrødleiven. Då festa det lause melet seg og flatbrødet blei sprøare  (Høeg, 1974) s. 164).

Eg leste meg opp på historia om flatbrød kontra askebrød, der kun havre og bygg blei dyrka i Noreg. Det egna seg ikkje som gjærbrød, derfor blei mel og vatn steikt i varm aske med glør på ovnen. Difor var omveltinga stor når flatbrød kom på 1300 talet, og blei brukt som forrådsbrød. Så slapp dei å bake askebrød kvar dag (Hilmar, 1981, s 10-11). No fekk eg henta «Korn» av Åsmund Bjørnstad som eg hadde avtalt å kjøpe, og fagstoffet begynte å ta form.

Flatbrød blei kalla brød heilt fram til 1900-talet, mens det vi i dag betegner som brød blei kalla kake eller stump. Flatbrød var beste måten å ivareta kornet på, sånn det ikkje mugna, sidan det var tørt og tolde lagring lenger enn mjøl. Flatbrød var som både brød, tallerken og bestikk samtidig, dei la smør, kjøt eller ost oppå (Bjørnstad, 2005, s. 66). Flatbrød blei bakt av bygg, havre eller ei blanding, aldri av kveitemjøl. 

Plakat av oppskrift. Foto: G. Hånes


I gruppa var det bestemt å bruke Kari Støfringsdal si oppskrift på flatbrød (norsktradisjonsmat.no), og mel blei kjøpt inn. På prøvebakinga blei ¼ av mengden brukt og tre stykker hadde arbeid i 2 ½ time. Steking i 2 timer, men stekeovn ble benyttet. Deigen blei tilsatt urter, oregano, basilikum og timian, bakte inn litt ekstra undervegs også. Fikk god trening i å bake tynne flatbrød, men brukte mykje breiemjøl for å få dei sånn.


Prosess av utprøving av flatbrød. Foto: G. Hånes

Bjørnemosekost og pynt hadde vi egen blomsterdekoratør, Hilde til å lage. Vi fekk nydelege bilder undervegs. Det blei besluttet å bruke norgesglass. Baksteskaut blei sydd av Sonja til alle tre.

 

Sying av skaut, pynt og bjørnemosekost. Foto: S. Olsen og H. Wenge


Eg fant fram noken strikka klær, både genser og kofte. En gammal, men ikkje gammal nok kjole blei prøvd. På dagen regna det, dongeribukse, støvler og Setesdalgenseren blei dagens antrekk! Suzi var solidarisk og stilte og i Setesdalgenser.

Ëg og Suzi i Setesdalsmønster, øverst v/ bjørnemosestasjon (Foto:
S. Olsen) og nederst v/ stekestasjonen. Rest. foto: M. Nesvold



På Kaarstad hente eg kort, vi handla inn ingredienser, laga deig som ble trilla ut som en lang pølse og delt i leiver på 30 g. Desse blei, som planlagt på forhånd, pakket i poser for å unngå dei tørka ut.  Alt av utstyr fra utstyrslista blei samla saman. Når vi kom på Haualeite, la vi ut nokre leivar på minste trauet, klar til steking. Urtene venta vi med å ha i, sånn vi kunne variere noko. Vi hadde beslutta å bruke ramslauksalt og. Vi laga deig av 1 kg mjøl, og det holdt rikeleg.


Foto: øverst G. Hånes, nederst H. Wenge


På Haualeite fekk vi pynta og laga til flatbrød- og bjørnemosestasjon. Eine benken blei satt midt på golvet sånn ungane kunne sitte. Ungane likte godt å smake på flatbrød, men mykje forsvant i magen på hunden. Faktisk forsvant så mykje oppmerksomheit dit, at etterkvart satt eg med Suzi på fanget sånn Sonja og Hilde fekk formidla historiane. Først då greide vi å fange oppmerksomheita deira ordentleg, sånn dei fekk høyre om bjørnemose og flatbrød. Så fekk ungane helse på hunden etterpå.

Vi hadde god tid på Kaarstad, men fekk noko dårleg tid på Haualeite. Ein time blei litt lite, kanskje fordi første skjøteledning ikkje virka. Neste virka, men då smalt eine takka vår. Planen om å steike opp litt flatbrød i forkant, gjekk dårleg. Men det visste seg at ungane åt mykje mindre enn forventa, så det gjekk bra allikavel. Hunden var lur å ha med, men burde tatt kontroll over det med en gang. Sånn vi fikk formidla til alle, før dei fekk kose og mate den.

Ville lagt inn meir tid i forkant på Haualeite, vi hadde nokre utfordringar både med fyr i grua, straum og steiketakke. Dette gjorde det hektisk! Pga. geografisk avstand, fikk vi ikkje møtast undervegs, kun på nett.  



Kilder:

Bjørnstad, Å. (2005). Korn – frå steinalder til genalder. Oslo: Tun forlag AS.

Hilmar, S. (1981). Norsk matskikk. Ambjørnsrud, O. Norsk mat (s. 9-16). Oslo: Landbruksforlaget.

Høeg, O.A. (1974). Planter og tradisjon: floraen i levande tale og tradisjon i Norge i 1927-1973. Oslo: Universitetsforlaget.

Norsk tradisjonsmat. (u.å.) Flatbrød. Henta frå https://norsktradisjonsmat.no/oppskrift/flatbrod-8





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tradisjonsbakst knytt til julehøgtid

Tynnlefse og Serinakake. Foto: G.Hånes No nærmar jula seg og julebaksten kan starte. Samlinga denne gongen dreia seg rundt korn og mjølmat, ...